Husmannsplassen av Jørgen Skogly

 
Så tidt mine tanker flakka frå storbyens larmande jag til heimbygdas åsar og bakkar med alle dei kjende drag.

Eg følger den gamle leia der småbekken sullar sin song og stoggar ein stad oppi heia der ætta mi budde ein gong.

Der har ein husmannsplass lege. Det vitnar små jordlappar om. Der fekk dei slite og streve eit liv i sin fattigdom.

Steingardar vitnar der budde ei gammal og hardfør ætt som plassen or villmarka rudde med eikebrot, hakke og spett.

Steingjerder vitnar om slitet. Og jordteigar, magre og grå fortel oss at der var det lite å hauste av det dei fekk så.

Kronglet og steinet gjekk deira sti til den brattlende plass. Krøkt vart den rygg som laut bera dei mange og tyngjande lass.

No ligg inga husmannstoge og skodar mot dal og tind. Berre ein husmur av grove gråstein er alt ein finn.

Og husmannsplassen ligg øde der berre det utemde gror. Alle som sleit der er døde og kvilar i heimbygdas jord.

Berre ein løn står og glitrar med lauvverket sommar og vår. Og småfugl i tretoppar kvitrar som før gjennom hundradtals år.
— Jørgen Skogly
 

© 2014 - 2018 • Husmannsplassen Lia i Gjerstad • All rights reserved • Designed by Weejuns Design